Monday, February 06, 2012

Get Adobe Flash player

Hytte ved Sognefjorden - Attraksjonar  og aktivitetar

      

Frå Loftesnes Hytter i Sogndal er det ikkje langt til dei beste attraksjonane Sogn har å tilby. 10 minutt unna ligg Sogn Folkemuseum, De Heibergske Samlingar. Her kan du oppleve livet i Sogn - frå middelalderen og fram til vår tid. Køyrer du 5 minutt vidare frå museet kjem du til Kaupanger stavkyrkje, frå siste halvdel av 1100-talet.

 

Prøv ein av verdas vakraste togstrekningar, Flåmsbana! Til Flåm kjem du med bil gjennom verdas lengste tunnel, eller med båt. Jostedalsbreen! Denne breen er den største isbreen på det europeiske fastlandet.

 

Norsk Bremuseum ligg i Fjærland, ein biltur på ca.30 min. I Jostedalen ligg Breheimssenteret, ein biltur på ca. ein time. Visste du at Nærøyfjorden er på UNESCO si verdsarvliste? Denne fantastiske fjorden kan du til dømes oppleve frå rutebåt.

Beintfram Digital - © 2010